Stanley Kubrick og individualisme
Filmprosjekt er ganske unike og annleis frå bokprosjekt. I bokprosjekt står forfattaren bak kvart ord du les. Han har slegi fast strukturen. Temaa. Ordbruken. Alt er i hans kontroll frå fyrste til siste bokstav. Sett burt frå eventuell redigering eller sensur, så klart.
I filmprosjekt er sluttresultatet langt meir eit slags kompromiss mellom arbeidet til regissøren, til kameramannen, til skodespelarane, til produsentane og til skribentane og til ljodmannen, et cetera. Mange er involverte og mange må få sin vesle innverknad på sluttresultatet. Somme meir enn andre.
Stanley Kubrick er såleis unik. Han åtte total artistisk fridom og han kontrollerte alle detaljane i sine prosjekt. Han hadde tid, pengar, intelligens og ein enorm lidenskap for kunsta si. Han var eit geni i ordsens sanne tyding og skapa dei mest ambisiøse og utrulege filmane som verda nokonsinne har sett. Han gjorde denne verda mykje rikare.
Eg elskar Stanley Kubrick.
Eit stadig mykje brukt argument for kollektivisme, for desse «vi»-løysingane og dette «vi»-perspektivet, går omtrent som dette: éin bjørn drep éin mann, men tri mann drep éin bjørn. Vi er sterke i gruppe og veike åleine.
Feilen er at vi ikkje er maur. Vi er menneske. Vi arbeider ikkje alltid mot eitt mål. Vi gjer det mot bjørnen, men i kvardagen er vi komplekse og vi eig mangfald. Vi eig ulike visjonar, tankar og idear. I alle kompliserte situasjonar, der vi alle har våre eigne mål og eigne tankar om kva som er rett, kva som er ønskjeleg, der fungerer ikkje kollektivismen. Der fungerer individualismen.
Føremonnen til individualismen er nemleg at han ikkje er totalitær. Han er open for kollektive løysingar. I individualismen er du fri til å vera så sjølvstendig eller usjølvstendig som du bare vil; drapet på bjørnen er eit uttrykk for at tri menn har samarbeidd fordi det er effektivt der og då. Kollektivismen har på si side ikkje plass til individuelle løysingar. Kollektivismen nyttar samarbeid som løysing overalt, òg der det er ineffektivt. Meir individualisme er alltid ein positiv ting og meir kollektivisme er alltid ein negativ ting.
I Stanley Kubricks tilfelle er det snakk om éin mann som fekk operert med uvanleg stor kontroll. Filmane hans er så fordømt gode eksakt fordi denne mannen ikkje inngjekk kompromiss, fordi denne mannen ikkje bøygde seg for andres utolmod og artistiske usemjer.

Jævelen Lydia skreiv på 01.mar.2012 klokka 22:11:
når eg les bloggen din, kjenner eg verkeleg lysta til å skriv nynorsk (sjølv om eg sug i det). takk, gamle ørn.